Sterk heimesiger mot Herd Blå.
Sunnylven sitt G11-lag serverte målfest i nok ein kamp då dei møtte Herd Blå på Hellesylt stadion onsdag. Sigeren vart på 9 – 4.
7-ar laget har åtte spelarar og blir trena av Jørgen Helset. Det er artig å sjå laget i rødt og blått med spelarar som har kondisjon, prøver å halde på ballen for å spele vidare til lagkameratar i betre posisjon. Her er store fotballtalent, kjappe, leikne og teknisk gode med ballen, spelarar som må få trene og satse vidare.
Også Herd Blå med fleire gode jenter i stallen var lenge med på moroa onsdag kveld, men på 6-3 til Sunnylven gjekk håpet om siger og farta ut av by-laget.
Det stod 3 – 2 til Sunnylven ved pause og slutta med siger 9 – 4. God domar var Ottar Frøysa Hellebostad.