Sunnylving utnemnd til medlem i CSAP

Torunn Lise Tryggestad (foto: prio.org)
Torunn Lise Tryggestad (foto: prio.org)

Torunn Lise Tryggestad frå Sunnylven er blitt utnemd til medlem av det nyoppretta NATO Civil Society Advisory Panel (CSAP) om kvinner, fred og sikkerheit.

Dette melder PRIO (institutt for fredsforsking) på sine heimesider www.prio.org

CSAP er eit panel som består av 15 individuelle ekspertar (kjernegruppa) og 17 enkeltpersonar som representerer ulike sivile samfunnsorganisasjonar.

Panelet skal gi tilbakemelding og anbefalingar til NATO i saker knytt til kvinner, fred og sikkerhet, herunder gjennomføring av NATO sin politikk på dette feltet.

Tryggestad har blitt utnemd til medlem av kjernegruppa for ein periode på to år.

Det fyrste møtet finn stad i Brussel 17. til 18. oktober 2016.

Tryggestad er i dag direktør i PRIO.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.