Sunnylvingar med flott innsats i Oslo Maraton.
Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven sprang inn til flotte 3:48:17 i dagens Oslo Maraton. Dette holdt til 15 plass i klassa K45-49 år og 132 plass av alle damer. Kari-Anne seier til hellesylt.info at ho har hatt litt kneproblem dei siste månadane og har difor trena lite, men ho bestemte seg likevel for å delta og var strålande fornøgd med å ha fullført. Vinnar av maraton for kvinner vart Marthe Katrine Myhre frå Gjøvik Friidrettsklubb på tida 2:43:31.
Også storebroren Inge Johan Tryggestad deltok. Han sprang distansen «3 for alle» på fredag i klasse M50-54 og kom inn på tida 13:45 som var tredje best i denne klassa.
Nils Olav Frøysa sprang halvmaraton i klassa M50-54. Han sprang inn på tida 1:39:51 som holdt til 80 plass i klassa.