Lokalnytt

Til Shellkaia på trimtur

Idrettslaget sin trimpost på Shell-kaia ligg sentrumsnær og der eit besøk blir belønna med tre poeng.
Deltakarar under trimmen onsdag ved idrettslaget sin trimpost på Shell-kaia der eit besøk blir belønna med tre poeng.

Det var perfekt turver onsdag då sanitetslaget og idrettslaget sin årlege sentrumstrim vart gjennomført.

Kanskje litt skuffande, men 21 personar, dei fleste eldre slutta opp om trimturen frå Hellesylt sentrum til Shell-kaia onsdag. Etter ein dag med mykje regn, letta det opp ut over ettermiddagen og trimturen vart av det hyggelege slaget med mykje drøs mellom trimmarane om både gamalt og nytt i bygda.

Ved trimposten på gamle Shell-kaia vart alle registrert og fekk notert tre poeng i Sunnylven idrettslaget sin fjelltrim før turen gjekk tilbake til Sunnylven skule. Har baud arrangøren på godteri, og frukt og drikke av fleire slag. I tillegg fekk alle sanitetslaget sin Rød knapp, kampanjemerket i aksjonen Stopp vold mot kvinner.

Sentrumstrimmen er eit årvisst arrangement mellom Sunnylven Idrottslag og Sunnylven sanitetslag og vart i år skipa til for sjette gong.

Tilbake ved utgangspunktet fekk alle frukt og andre go`saker.
Tilbake ved utgangspunktet fekk alle frukt og andre go`saker.
sentrumstrim-3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Til Shellkaia på trimtur

  • I was looking through some of your blog posts on this internet site and I conceive this web site
    is real instructive! Keep on posting.Money from blog

Kommentarfeltet er stengt