Lokalnytt

To el-syklar overrekt til omsorgssenteret

To pensjonistar, Nelly Brekke og Gunnvor Ringdal, og to store støttespelarar ved sykkelkjøpet Trygve Langlo og Stig Tryggestad klare for prøvetur. Sykkelsjåførar er Ryan Puntal og Marit Hellebostad
To pensjonistar, Nelly Brekke og Gunnvor Ringdal, og to store støttespelarar ved sykkelkjøpet Terje Langlo og Stig Tryggestad klare for prøvetur. Sykkelsjåførar er Ryan Puntal og Marit Hellebostad

Etter initiativ frå Sunnylven bygdekvinnelag vart det i sommar kjøpt inn to elektriske syklar til Sunnylven omsorgssenter. Fredag var det offisiell overrekking.

I sommar har det blitt fleire sykkelturar rundt om i Hellesylt for bebuarar på Sunnylven omsorgssenter. Dei to syklane som heimen har fått har blitt flittig brukt, spesielt på fine dagar. På kvar sykkel er der plass til to passasjerar og ein som styrer. Begge er el-syklar så dei rullar lett sjølv om det skulle vere ein liten motbakke under vegs.

Ideen til sykkelkjøpet kom etter eit TV-program, fortalde leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Anne Grete Hjelmeland Hole.

–Vi diskuterte det i styret og bestemte oss for å satse på fire syklar, to til Stranda og to til Sunnylven. Etter utsending av rundskriv til 38 lag og bedrifter om støtte svara fem av dei positivt. Vi måtte redusere ambisjonane til to syklar, og sidan dei fleste gåvene kom frå Sunnylven vart syklane kjøpte inn  til Sunnylven omsorgssenter, fortalde leiaren.

Kvar sykkel kosta 70.000.- kroner. Hjelp til å finansiere kjøpet fann dei hos Sparebanken Møre med 50.000.-, Indre Sunnmøre Gjensidige 50.000,-, Hellesylt Ungdomslag 5.000.-, Gamle Aldersheimen Venner 5.000.-, og Sunnylven Bygdekvinnelag 30.000.-.

Under overrekkinga fredag var alle gjevarane representert. Dagleg leder i Indre Sunnmøre Gjensidige, Terje Langlo fortalde at selskapet deler ut rundt 750.000.- i støtte kvart år til gode formål i sitt område, i kommunane Stordal, Ørskog, Norddal, Stranda og Hornindal. El-syklar til bruk og glede for pensjonærar var mellom det han rekna som gode prosjekt.

Pengegåva til sykkelkjøpet frå Sparebanken Møre var Gullkornmiddlar og vart overrekt under Hellesyltdagane i Juli saman med fleire av banksjef Stig Tryggestad. Han tykte det var eit fint tiltak å støtte, for ein sykkeltur var både triveleg og ein fin variasjon i kvardagen.

Styrar ved heimen, Siw Vangen kunne fortelje at syklane hadde vore flittig brukt rundt om i Hellesylt sentrum, inn til gravplassen og nedom cruisekaia. Å sykle opp til Hellesylt Boutique & Bar i Gatå var ekstra populært, for der kjøpte dei seg kaffi og is.

Den offisielle overrekkinga av dei to el-syklane vart avslutta med kaffi og kake spandert av bygdekvinnelaget, og Anne Grete Hjelmeland Hole retta stor takk på vegne av laget til alle som hadde bidrege til å realisere sykkelkjøpet.

Med Nelly Brekke og Gunnvor Ringdal på sykkelen tok Ryan Puntal ein liten demonstrasjonstur for dei frammøtte.
Med Nelly Brekke t.v. og Gunnvor Ringdal på sykkelen tok Ryan Puntal ein liten demonstrasjonstur for dei frammøtte.
Alle som hadde støtta sykkelkjøpet var til stades fredag. Frå høgre Geir Frøysa, HUL, Anne Grete Hjelmeland Hole, bygdekvinnelaget, Solbjørg Alme frå Aldersheimens Venner, Stig Tryggestad Sparebanken Møre og Terje Langlo frå Indre Sunnmøre Gjensidige.
Alle som hadde støtta sykkelkjøpet var til stades fredag. Frå høgre Geir Frøysa, HUL, Anne Grete Hjelmeland Hole, bygdekvinnelaget, Solbjørg Alme frå Aldersheimens Venner, Stig Tryggestad, Sparebanken Møre og Terje Langlo frå Indre Sunnmøre Gjensidige. Bak ser vi styret i bygdekvinnelaget.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380