Ein ny, stor kamp av jentelaget mot ferieleiren fredag. Det vart poengdeling. (Foto frå Norway cup)
Eit stangskot heilt på slutten kunne ha sikra alle poenga for Sunnylven sitt J16-lag på bortebane mot Mauseidvåg / Solevåg fredag kveld, men Olene sin susar gjekk ut.
Sunnylven sitt jentelag leverte ein kjempekamp med uavgjort 2 – 2 mot serieleiaren i J16, Mauseidvåg / Solevåg. Eit feil idømt frispark eitt minutt før pause førte til at heimelaget Mauseidvåg / Solevåg leia 1-0 ved halvtid.
I andre omgang utlikna Sunnylven to gonger ved Olene Lade, og like før slutt på stillinga 2 – 2 skaut same jente i stonga og ut. Så nær var laget til å ta med alle tre poenga heim etter ein svært god kamp, fortel vår mann Knut Dag Langeland.
MSIL leiar haustserien J16 , 2. div. saman med Ørsta som begge har 7. poeng. Sunnylven på 3. plass har 5. poeng. Neste kamp for jentelaget er heime mot Ørskog torsdag 15. september.