Val og orientering i pårørandeforeininga

Dette området ved Sunnylven omsorgssenter planlegg ei nemnd å gjere enno tribvelegare for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter. Med utgang frå vinterhagen midt på bildet er det tenkt faste gangvegar til bruk også for rullator, ein paviljong, andre benkar og bord og beplanting.

Dette området ved Sunnylven omsorgssenter planlegg ei nemnd å gjere enno trivelegare for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter. Med utgang frå vinterhagen midt på bildet er det tenkt faste gangvegar til bruk for rullator, ein paviljong, andre benkar og bord og beplanting.

Etter haustfesten ved Sunnylven omsorgssenter laurdag var det møte mellom pårørande med val og orientering om aktuelle saker.

Kari Hauso Stadheim gjekk ut av styret i pårørandeforeininga og inn kom Kjell R. Hole. Styret er: Arne Ringdal, Annfrid Sæter, Kjell R. Hole.

Saker foreininga har jobba med er mellom anna tilsetjing av eigen kokk ved Sunnylven omsorgssenter. Denne saka er ikkje avklara enno.

Ei nemnd på fire, Randi Ringdal, Reidar Brekke, Jorun Trøen og Egil Jarle Frøysa har sendt inn planar og søknad til kommunen om støtte til opparbeiding og beplanting på uteområde mot sjøen ved omsorgssenteret. Frå kommunen har pårørandeforeininga fått opplyst at saka blir lagt fram for politisk behandling i samband med budsjettet for 2017.

Beløpet det er søkt om er 150.000.- kroner. Det meste av arbeidet med opparbeidinga er tenkt gjort på dugnad, vart opplyst på møtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380