Vann etter fire mål på fire minutt

Damelaget Stranda/Sunnylven 2016. Foto: Facebook Stranda/Sunnylven) Fotball

Damelaget Stranda/Sunnylven 2016. (Foto: Facebook Stranda/Sunnylven)

Damelaget var effektive mot Blindheim torsdag. På fire minutt skåra laget fire mål og vann 4 – 2.

Fotball 3. div: damer

Blindheim – Stranda/Sunnylven: 2 – 4 (1 – 1)

Mål Stranda/Sunnylven: Åsta Løfald 2, Kirsti Frøysadal Hauge, Olene Lade.

Domar: Alf Furland, Rollon FK.

Etter to stygge tap mot Herd, serieleiar i 3. div. damer fekk samarbeidslaget Stranda/Sunnylven ein flott opptur mot Blindheim borte torsdag. Laget frå indre vann 4-2 etter 1-1 ved pause.

Blindheim gjekk i leiing tidleg i kampen, men på overtid i fyrste halvdel utlikna Åsta Løfald for Stranda og det stod likt ved pause.

I andre omgang starta gjestane skåringane etter eitt minutt og leiing 2-1 ved Kirsti Frøysadal Hauge. Åsta Løfald la på til 3-1 minuttet seinare og Olene Lade auka til 4-1 tre minutt ut i omgangen. Stranda/Sunnylven skåra med andre ord fire mål på fire minutt.

Blindheim fekk straffespark heilt på slutten i kampen som enda med 4-2 siger til Stranda/Sunnylven. Samarbeidslaget hadde denne gongen ei stor tropp med 16 spelarar, ti av dei var frå Sunnylven.

Det har blitt ein siger og ein uavgjort heime og tre sigrar på bortebane for samarbeidslaget så langt. Laget ligg på 8. plass med 13 poeng. No står to seriekampar igjen, heime mot Fortuna/Aksla onsdag 28. september, og mot Ravn veka etter. Spelarane håper på og fortenar stort frammøte og stor støtte frå publikum i oppgjøret mot By-laget onsdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380