LokalnyttLokalsport

Vann i Trollstigen Opp

Kristine Hjellbakk Hole mot toppen og ei kjempetid i Trollstigen Opp søndag.
Kristine Hjellbakk Hole mot toppen og ei kjempetid i Trollstigen Opp søndag.

Kristine Hjellbakk Hole var einaste deltakar frå Sunnylven IL i Trollstigen Opp på rulleski. Ho vann klasse jenter 15 år klart.

Søndag vart maraton-rennet på rulleski, Trollstigen Opp arrangert. Mange stilte til start både på kort og lang distanse, mellom dei Sunnylven IL si beste langrennsjente Kristine Hjellbakk Hole. Ho «knuste» til med klar siger og ei tid som kanskje er den best på distansen og klassa nokon gong. Distansen var 5.0 km. og sluttida på 28.37 er nær to minutt betre enn sluttida til Kristine i fjor.

På dei neste plassane i jenter 15 år kom Anette Nilsen, Utleira IL 30.19, Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL 32.40, Ida Larsen Brettreit, Utleira IL 42.02.

Trollstigen Opp er blitt eit rulleskirenn med tradisjon. Rulleskirennet går opp bratta og dei krappe svingane opp til Trollstigplatået. Ei skikkeleg kraftprøve der det viser seg om grunntreninga har blitt skjøtta godt gjennom sommaren. Eldste klasse startar ved Trollstigen Camping, ei løype på 9.0 km. , og dei yngst har start ved foten av fjellet, ca. 5.0 km. frå mål og toppen.

Vinnar i menn senior: Ole Martin Lied, Tomrefjord IL 42.21, og damer 19/20; Pauline Forren, Snillfjord IL/ski 53.50.

Rennet søndag inngjekk i både Midt Norsk Rulleskicup og Sparebanken Møre Cup. Kristine Hjellbakk Hole fekk såleis ein flott start på SBM-cupen med siger og 100 poeng.

J15 år i Trollstigen Opp; Frå venstre Kristine Hjellbakk Hole, Anette Nilsen, Guro Eline Vollan , Ida Larsen Brettreit.
J15 år i Trollstigen Opp; Frå venstre Kristine Hjellbakk Hole, Anette Nilsen, Guro Eline Vollan , Ida Larsen Brettreit.

Alle foto: Hans Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *