LokalnyttLokalsport

Vann mot serieleiaren

Her er Sunnylven G14 som «knuser» all motstand. Framme Jakob F. I midten frå venstre; Matti, Espen, Even. Bak frå v; Simen, Mats, Viktor, Brede, Loke, Jakob S, Kristian. (Foto: Rolf Fivelstad)
Sunnylven G14 vann mot serieleiaren måndag.. Framme Jakob F. I midten frå venstre; Matti, Espen, Even. Bak frå v; Simen, Mats, Viktor, Brede, Loke, Jakob S, Kristian. (Arkivfoto: Rolf Fivelstad)

Sunnylven G14 møtte serieleiaren Langevåg2 på Hellesylt stadion måndag. Heimelaget sikra seg alle poenga.

Sunnylven G14 vann 3-2 over Langevåg2 og påførte serieleiaren det fyrste tapet i haustsesongen.

Oppmann Rolf Fivelstad er stolt over laget. Han fortel at gutane spela ein utruleg god kamp og vann fortent, noko også motstandaren vedgjekk etter kampen. Målskorarar for Sunnylven var Kristian Frøysadal Hauge, Brede Ringdal og Jakob Sæter.

Langevåg2 toppar tabellen med 18 poeng etter sju kampar, Sunnylven har 13 poeng og ein kamp mindre spela. Neste for G14-laget er også på heimebane, mot Godøy tysdag 04. oktober.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380