Vil flytte vegkryss for Langøylia hyttefelt

Ved avkøyrsla til Hyttehola fleirbruksanlegg og på motsatt side av fylkesveg 60 kan ny avkøyrsle til hyttefeltet kome.

Ved avkøyrsla til Hyttehola fleirbruksanlegg og på motsatt side av fylkesveg 60 kan ny avkøyrsle til hyttefeltet kome.

Langøylia hytteforening ønskjer ei ny avkøyring til hyttefeltet i Langøylia. Noverande vegkryss er resikofylt, heiter det i brev til kommunen.

Langøylia hyttefelt i Sunylven har i dag 18 hytter som er i aktiv bruk sommar og vinter. Feltet er regulert for i alt 40 hytter. Avkøyrsle frå fylkesveg 60 til hyttene er det same som gardsvegen til Langøyli, i ein sving med litt stigning. Det er spesielt fårleg vinterstid med dårleg oversikt grunna snø og høge brøytekantar, heiter det i brev til Stranda kommune, underteikna av formann i hytteforeninga Arvid B. Brevik. Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

Hytteforeninga håper kommunen kan hjelpe med å få til ei ny og mindre trafikkfårleg avkøyring. Også i 2014 var saka om nytt vegkryss omsnakka og tenkt flytta til området der avkøyrsle til Hyttehola fleirbruksanlegg ligg. Ei slik løysinga var også framme på møte mellom kommuneleiing og hytteforeining 12. august i år. Det kan bli ei løysing i løpet av 2017 om kostnaden blir vedteke på budsjettmøte i november.

Denne saka har vore etterspurd hos Stranda kommune også for to år sidan. Sjå hellesylt.info frå august 2014: http://www.hellesylt.info/2014/08/planlegg-ny-avkoyrsle-til-langoylia/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380