20-årsmarkering for kyrkjelydshuset

I Sunnylven vart 20-årsjubileet for kyrkjelydshuset markert søndag. Eldsjel for realiseringa, tidlegare sokneprest Svein Runde tok forsamlinga med tilbake til byggeåra gjennom eit lysbildekåseri.
-Det er nesten ikkje til å tru at det er 20 år sidan kyrkjelydshuset stod ferdig, sa prost Svein Runde. Han var sokneprest i Sunnylven då huset vart bygt og var til stades under jubileet søndag for å dele minner og vise lysbilete frå byggetida.
I ellevte time
I Sunnylven var det behov for eigne lokale for å drive kristeleg ungdomsarbeid. Runde fortalde at det vart sett til det gamle bedehuset, eller om ein kunne lage lokale på loftet i kyrkja. Også utviding av sakristiet var eit alternativ.
Alt vart forkasta og eit frittståande hus på tomta der Hægstad Gård står i dag vart planlagt. Men så kom Kristen Ringdal i ellevte time med tilbod om at kyrkjelyden kunne få kjøpe huset han eigde i Gatå. Slik vart det, men huset var ikkje ferdig, mykje arbeid med istandsetjing venta.
Finansiering
Kjøp og utbetring vart kostnadsrekna til 2.8 mill. kroner, sa Runde og fortalde om dei mange måtane finansieringa vart ordna på. Med små og store tilskot, også 300.000.- kroner frå Stranda kommune og knappe 800.000.-kroner i spelemiddlar vart resten ordna gjennom basarar, salsmesse og dugnadsarbeid.
Det var mange som tok store tak med dugnad og eigne hender, men Svein Runde var den store drivkrafta i realiseringa. Søndag hadde han med mange bilete og fortalde frå tida rundt bygginga. Sjølv om det berre er 20 år sidan, er mange av personane som deltok no borte. Den tidlegare soknepresten huska namna på alle.
Har imponert mange
-Mange som har sett og høyrt om bygginga av Sunnylven kyrkjelydshus er storleg imponert over det vi makta å få til den gongen, sa han. Runde var glad for at bygda fekk sitt eige hus og la til; –Alle små og store kyrkjelydar treng eit slikt hus.
Under jubileumsmarkeringa vart det servert kaffi og kaker, og det var song av Joyful og av Elisabeth Runde og Kristin Storstein.
Nytt kjøkken
Kjøkkenet på kyrkjelydshuset har blitt pussa opp i det siste, berre små detaljer står att og mange nytta høvet til å sjå korleis det har blitt. Styret for kyrkjelydshuset fekk ros for gode val. –No vil det halde krava frå Mattilsynet, til kokkene og til alle brukarane, slo sokneprest Stein Karstensen fast.


