Årets TV-innsamling til Røde Kors

-

Årets TV-aksjon har ei klar oppfordring om å bli med og samle inn middlar. Dei går i år til Norges Røde Kors og hjelp til flyktningar.

Det nermar seg årets TV-innsamling som er søndag 23. oktober. I år er det Røde Kors i samarbeid med NRK som står for innsamlinga der midlane er øyremerka flyktningar i ni land i Midt-austen, Afrika og mellom-Amerika. Også flyktningar som har kome til Norge skal få hjelp.

I desse dagar blir innsamlingsaksjonen førebudd rundt om i heile Norge, også i Stranda kommune. Aud Tomasgard Berstad i Frivilligsentralen er medlem i kommunekomitéen der ordførar Jan Ove Tryggestad er leiar. Andre medlemer er varaordførar Arild Ringdal, leiar i HOK Jostein Dalen og Per Inge Jelle frå Stranda Røde Kors.

Aud Tomasgard Berstad fortel at bøsseberarar i Sunnylven, Geiranger og Liabygda er på plass. Det er også dei fleste på Stranda, men her ønska ho seg fleire. Det brukar å ordne seg , seier ho.

Bøsseberarar frå Ungdomslaget

I Sunnylven har idrettslaget tidlegare år stilt med bøsseberarar, men i år blir det medlemer frå Hellesylt ungdomslag som tek jobben, fortel Aud Tomasgard Berstad som har fått melding om at alt er på plass. 20 bøsseberarar kjem rundt i Sunnylven mellom klokka 16.00 og 18.00 på søndag.

I fjor var det konsert i Sunnylven kyrkje til inntekt for TV-aksjonen. I år blir konserten arrangert i Liabygda på forsamlingshuset der. Under konserten som er laurdag klokka 17.00 medverkar aktørar frå Geiranger, Liabygda og Stordal.

Aud Tomasgard Berstad håper på eit godt resultat i Stranda kommune også i år. -Det er viktig å støtte Røde Kors og hjelpe dei i arbeidet for naudlidande. Målet må vere å samle inn like mykje og helst meir enn tidlegare år, og så har vi konkurransen om å vere beste bygdelag per innbyggjar i kommunen. I alle fall må vi slå Sykkylven, skjemtar Aud Berstad.

Resultatet frå fjorårets innsamling i Stranda kommune som gjekk til Regnskogfondet vart 88.509.50.

Stranda, 59.787.50

Sunnylven, 15.130.-

Geiranger, 7.932.-

Liabygda, 5.660.-

TV-innsamlingar har blitt gjennomført i samarbeid med NRK sidan 1974. Over sju milliardar kroner har blitt innsamla til ulike hjelpetiltak på desse åra.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.