Avslutning for Fjelltrimmen 2016
Leiar i trimgruppa Jostein Ringdal kunne fortelle om eit svært godt trimår då han innleda premieutdelinga for Fjelltrimmen 2016. Det var ei auke på 0,4% frå 2015, og totalt enda opptellinga på 13220 besøk på dei 25 postane til trimgruppa.
Til saman hadde trimgruppa 10 gåvekort frå G-Sport til utdeling blant dei 74 som hadde levert inn trimskjema, og alle born fekk diplom.
Av dei som hadde vore på alle trimpostane vart det trekt ut 2 vaksne og 2 born som kvar fekk eit gåvekort på 500 kroner. I trimåret 2016 var det 19 vaksne og 5 born som hadde vore på alle trimpostane.
Mellom dei som hadde vore på 10 trimpostar eller meir vart det trekt ut 2 vaksne og 2 born som kvar fekk eit gåvekort på 400 kroner.
Til sist var det trekt ut 2 gåvekort a 200 kroner mellom dei som hadde levert skjema.
I tillegg hadde Exxon Mobil gitt 6 gåvepremiar som vart trekt ut blant alle born som hadde levert skjema.
Jostein Ringdal kan elles opplyse om at det vert mørketreff i Kjellstaddalen tysdag 08. november. Dette er med forbehald om godt ver, og vert nærare annonsert.
Trimskjema for neste sesong er lagt ut til sal på COOP.
Vaksne:
Alle postar 500 kr: Nina Øye Hole og Bjørn Rusten
10 eller fleire postar 400 kr: Marit Hellebostad og Oddbjørg Stadheim
Levert trimskjema 200 kr: Arild Hole
Born:
Alle postar. 500 kr: Sara Sæther og Daniel Sæther
10 eller fleire postar. 400 kr: Mats Storstein Forbord og Johan Marius Alme
Levert trimskjema 200 kr: Lone Ringdal
Ekstrapremiar frå Exxon Mobil; høgtalar og hodetelefonar:
Nikoline Frøysa Hellebostad, Jakob Sæther, Marta Friestad, Simen Frøysa Hellebostad, Marie Storstein Forbord og Ingeborg Fivelstad Stadheim.
You really make it appear really easy together with
your presentation however I find this topic to be actually one thing which I feel I’d by no means understand.
It sort of feels too complex and very wide for me.
I’m having a look forward for your next submit,
I will attempt to get the dangle of it! Escape roomy lista
Terrific post but I was wanting to know if you could write a litte more on this subject?
I’d be very thankful if you could elaborate a little bit more.
Kudos!