Lokalnytt

Bygger ut i Hyttehola

Kaffipause under forskaling av ringmur for garasjebygget. Frå venstre Ola Aasen, Geir Frøysa, Bjarne Sjåstad og Tarjei Korsbrekke. (Foto: Magne Brekke)
Kaffipause under forskaling av ringmur for garasjebygget. Frå venstre Ole Aasen, Geir Frøysa, Bjarne Sjåstad og Tarjei Korsbrekke. (Foto: Magne Brekke)

Sunnylven IL har kome i gong med bygging av garasjeanlegget i Hyttehola. Håpet er å få trakkemaskina i hus før snøen kjem.

Årsmøta i Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har vedteke utbygging av fleirbruksanlegget i Hyttehola. Ny speakerbud, garasje for trakkemaskin og eit kombinert klubbhus og standplassbygg skal bli realisert. Heile utbygginga er kostnadsrekna til 4.9 mill. kroner.

Hyttehola fleirbruksanlegg har blitt utbygt i fleire etappar. I 1988 kom skytebana til Sunnylven skyttarlag, i 2002 bygde idrettslaget ei 3.3 km. lang lysløype, og i 2009 vart skiskyttarstadion med 15 blinkar teke i bruk.

Trekkemaskina i hus

Sunnylven IL fekk si fyrste trakkemaskin då den nye lysløype i Hyttehola vart teke i bruk vinteren 2002 /2003. I alle år har maskina stått ute sommar som vinter, men no skal maskina i hus. Planane er godkjent og arbeidet godt i gong.

Bygget blir ståande nær parkeringsområdet der det er fylt ut tomt, støypt såle og ringmur. Bygget er på 148 kvadratmeter, opplyser Magne Brekke, leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL. No håper han at mange stiller på dugnad når veggar og tak skal på plass.

Borar etter vatn

Brekke opplyser at om litt vil det bli sendt inn byggesøknad også på klubbhus / standplassbygg som ein håper skal stå ferdig neste år. Fyrst skal det gamle bygget for 200-meters skytebana og varmestova rivast ein gong i løpet av vinteren eller tidleg vår. Deretter skal eit nytt, moderande anlegg med sanitæranlegg der det skal grunnborast etter vatn realiserast.

–Vi har fyrste plass på lista over anlegg for tildeling av spelemiddlar og vil no jobbe for å fullføre utbygginga av fleirbruksanlegget i Hyttehola snarast råd, seier Magne Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *