Endra vassveg for Hauge Kraftverk

Stranda Energi har fått utarbeidd alternative planar for røyrgatetrase for Hauge Kraftverk. Planane er ein kombinasjon av tunnel og røyrgate.
Traseen for den planlade røyrgata på nordsida av Haugedalselva er delvis svært bratt. I etterkant av synfaring 23. juni i år har Stranda Energi fått utarbeidd nye planar for vassveg til kraftverket.
Det blir ein kombinasjon av bora sjakt, konvensjonell tunnel og røyrgate i grøft, alt på sørsida av Haugedalselva. Frå inntaket i Haugedalen skal det borast ei 200 meter lang sjakt ned på tunnelen som vert om lag 450 meter lang. I tunnelen blir det sett ei propp og frå denne blir det lagt røyrgate. Frå tunnelopninga til kraftstasjonen blir lengda 1200 meter. Total lengde på vassvegen blir 1830 meter, står det å lese i sakspapira for dei nye planane som er tilgjengeleg på Stranda kommune si nettside:https://www.stranda.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_postliste&MId1=864&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&fradato=2016-10-24T00:00:00
Frist for uttale /kommentar er sett til 14. november og kan sendast til NVE, eller til sakshandsamar: Henrik Langbråten hela@nve.no
Very fantastic info can be found on site.Money from blog