Flott innsats på Saksa Opp.

Kasper og Hege.

Kasper og Hege.

Hege og Kasper deltok på Saksa Opp på Halsa i går. Dette var også siste løpet i Sparebanken Møre Motbakkecup. Forholda var våte og tunge. Det var regn i låglandet, sludd i midtpartiet og snøv på toppen melder arrangøren! Trass i dette var det 3 kvinner som slo den gamle løyperekorden.

Mari Fasting frå Halden vart den suverene vinnaren på kvinnesida, ho er landslagsløpar i orientering og har delteke i VM. Ho sprang på 47.59 og slo den gamle rekorden for kvinner med nærare 7 minutt.

Hege Ringdal.

Hege Ringdal.

Hege vart nr 2 blant damene uansett klasse og vinnar av Sparebanken Møre Motbakkecup for damer Junior sammenlagt. Ho sprang inn på den sterke tida 54.20.

Kasper Ringdal.

Mari Fasting.

Kasper vart nr 3 i juniorklassa og nr 2 samanlagt i klasse i Sparebanken Møre Motbakkecup.  Vinnar av løpet i går i denne klassa vart Njaal Lundemo Aakvik frå arrangørklubben Halsa IL.

Kasper Ringdal.

Kasper Ringdal.

Ola Berger frå Trondheim Randoneeklubb vann herreklassa med 43.52.

Les meir om løpet på arrangøren si heimeside: http://www.halsail.no/blog/post/93514/resultater-saksa-opp-2016—oppdatert?ispage=true

Alle foto: Privat.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info