Lokalnytt

Folkedansfilm klar for vising

Folkedans på badestranda på Hellesylt med aktørar frå HUL. Frå opptaka i september.
Folkedans på badestranda på Hellesylt med aktørar frå HUL. Frå opptaka i september.

Folkepedia og Noregs Ungdomslag sine opptak av folkedans med aktørar frå Hellesylt og Sykkylven er blitt film klar for lansering.

 Folkepedia er eit nasjonalt prosjekt i Noregs Ungdomslag der det blir laga filmar om folkedans for formidling og opplæring. Onsdag 2. november blir det premiere fyrste filmen på Tronstad grendahus.

I tre dagar i september gjorde eit team frå Noregs Ungdomslag filmopptak med dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag. Veret desse dagane var bra og opptaka gjekk som planlagt. Også fleire lokale leiarar var med og hjelpte til under opptaka som vart gjorde på turistferja mellom Hellesylt og Geiranger, på Ljøen, badestranda på Hellesylt og på Bjørke.

Det vart gjort opptak av fleire typer folkedans som skal brukast til formidling og opplæring, fortalde Halldis Folkedal frå Noregs Ungdomslag. Også Anne Gjendem frå Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal var med og koordinerte det heile for eit mannsterkt filmteam.

Landspremiere på Tronstad

No er dei fyrste filmane klar for lansering. Wenche Ringdal som er leiar i styret for barneleikarringen i Hellesylt UL gler seg til å sjå resultatet av opptaka.

-Premiera vart lagt til Tronstad grendahus, det var Noregs Ungdomslag godt nøgde med, i ei bygd er litt i deira ånd. Filmen blir vist med prosjektor og stor skjerm, men eg veit ikkje eksakt kor lang filmen er, kanskje ein halv time. I alt 25 dansarar frå Hellesylt og 7 frå Sykkylven var med på opptaka og alle er invitert til framsyninga på Tronstad saman med foreldre. Invitert blir også fylkeskultursjefen, ordførar i Stranda, NRK og anna presse.

Filmane er innspela i Bodø, Oslo og på Hellesylt, og no blir det altså landspremiere på Tronstad grendahus. Det er både flott og artig, og noko vi er litt stolte over. Det er stas så difor blir det rød løpar, og bobler i høge glas spandert av Noregs Ungdomslag, og i tillegg Taco som styret i HUL-leikarringen ordnar, fortel Wenche Ringdal.

Filmane kjem til å bli lagde ut på Folkepedia.no og facebook under sida Folkepedia, skriv Noregs Ungdomslag i invitasjon til filmpremiera på Tronstad grendahus.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

2 thoughts on “Folkedansfilm klar for vising

  • Wow, amazing blog format! How lengthy have you ever been blogging for?

    you made running a blog look easy. The full look of your web site is excellent, let alone the content!
    You can see similar here sklep online

Kommentarfeltet er stengt