Notiser

Godt resultat i Stranda

Slik ser innsamlingsbøssene ut i år.

TV-innsamlinga i år gjekk til Røde Kors sitt hjelpearbeid. Kvar innbyggjar i Stranda kommune gav 44.14 kroner.

Innsamlinga gjennom bøsse, kollekt og støttekonsert vart på 137.895.- kroner i Stranda kommune. Resultatet per innbyggjar vart 44.14 kroner og som er 2.- kroner høgare enn landsgjennomsnittet.

Aud Tomasgard Berstad i hovedkomiteen for innsamlingsaksjonen i Stranda synest resultatet var bra. –Vi fekk inn 37.822.- kroner meir enn i fjor så det må vi vere nøgde med.

Også under støttekonserten i Liabygda kom det inn meir enn i fjor. Det vart ein fin konsert med mange flinke aktørar der vi selde 77 billettar. Med dei som opptredde var det heilt fullt, fortel Aud Tomasgard Berstad.

Kvar støttekonserten blir neste gong er ikkje bestemt, men det er vel Geiranger som står for tur om alle bygdelag skal bli representert.

Før innsamlinga var det litt knapt med bøsseberarar på Stranda. Det ordna seg , det vart også for fyrste gong under innsamlingsaksjonar ein runde med bøsse på Strandafjellet der det kom inn 2.980.- kroner. Aud Tomasgard Berstad takkar alle bøsseberarar så mykje for innsatsen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Godt resultat i Stranda

  • I like this blog it’s a master piece! Glad I observed this
    ohttps://69v.topn google.Blog money

Kommentarfeltet er stengt