Lokalnytt

Haust-Quiz på Peer Gynt galleriet

Frå ein tidlegare Quiz-kveld på Peer Gynt galleriet.
Frå ein tidlegare Quiz-kveld på Peer Gynt galleriet.

Peer Gynt galleriet inviterer til haust-Quiz fredag 7. oktober. Spørsmåla blir henta frå tusenårsskiftet og framover.

 Det blir 40 spørsmål fordelt på to rundar, henta frå Quiz-bøker, vekeblad og andre nyhendekjelder, opplyser Quiz-master Arild Ringdal. Han har som vanleg med Egil Røyrhus som sin medhjelpar.

Dørene til Peer Gynt galleriet opnar kl. 19.00 og «kunnskapsprøva» startar halvtimen seinare. Påmelding er ved frammøte og dei kjende reglane gjeld med maks seks på laget og premiering til vinnarlaget.

Quiz-master Ringdal håper at også hjortejegerar tek seg nokre timar fri fredag kveld og blir med på Quiz`en og ein triveleg kveld på Peer Gynt galleriet. Vi legg til at i følgje almanakk er det nymåne 1. oktober og ganske mørkt fredag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Haust-Quiz på Peer Gynt galleriet

Kommentarfeltet er stengt