Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje

Søndag vart årets grøde av frukt og grønnsaker takka for i både ord og tonar i Sunnylven kyrkje.
Hausttakkefesten samla mange til gudstenesta søndag. Der hadde sokneprest Stein Karstensen med seg fleire hjelparar til ein høgtidsam takkefest, mellom anna elevar frå 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule, born frå barnehagen og konfirmantar.
I høve hausttakkefesten var kyrkja pynta i vakre haustfarga blomar av bygdekvinnelaget, og eit stort tretrau var stilt opp ved altarringen fylt med eksempel på årets grøde. Også borna i barnehagen hadde teke del i pyntinga og laga og fargelagt mange store hjarte.
Ungdomskoret Joyful med solistar tok også del og framførte to songar og begeistra kyrkjelyden til applaus nok ein gong. Frå galleriet tona det melodiøst frå Gunnar Inge Eide ved orgelet og med Synnøve Hjellbakk Hole på hardingfele. Truleg ein ny kombinasjon under ei gudsteneste i kyrkja, men det var berre flott så la vi gjerne få høyre det fleire gonger.