LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Hellesyltdagane passerte halve millionen

Skandinavisk Tivolipark var på Hellesylt for fyrste gong i år. (Foto frå arkivet)
Skandinavisk Tivolipark var på Hellesylt for fyrste gong i år. (Foto frå arkivet)

Brutto omsetning under Hellesyltdagane 2016 vart vel ein halv million kroner.

Det vart halde mange møter, men samla sett var det veldig kjekt å jobbe med programmet for Hellesyltdagane, sa Ann Kristin Langeland innleiingsvis då ho orienterte dei frammøtte under evalueringsmøtet tysdag. Ho kom inn på fleire ting komiteen måtte ta stilling til, mellom anna om det skulle gjevast ut eiga messeavis eller ikkje. Avis vart det med større sidetal og større opplag enn tidlegare, og med eit solid overskot. Også på eiga nettside og på facebook vart det informert om arrangementet, sa ho. Men også informasjon i sentrum under arrangementet er viktig og bør for seinare styrkast på eitt eller anna vis, la ho til.

Hyra prest og rådmann

Kvart år er det to vanskelege oppgåver å løyse, å finne programleiar på utescena og ein person til å opne Dagane, sa Ann Kristin. Verdsarvprest Morgan Berg tok jobben som programvert, og det gjekk så bra at han ser det ikkje som utenkjeleg å kome tilbake.

Stranda kommune sin nye rådmann, Åse Elin Hole stod for opninga. –Stranda har tradisjon for å skifte rådmann ofte, men vi kan vel ikkje håpe på opning av ein ny rådmann kvart år, skjemta Langeland.

Økonomi

Ser vi grovt på omsetningstala var inntektene på 513.000.-  og utgiftene på  497.000.- under årets store sommarfest på Hellesylt i juli. Dei største inntektspostane viser 50.000 pluss på messeavisa, vel 10.000 på reklame på storskjerm, 60.000 på andesleppet og 67.000 på stand / tivoli.

Dei største utgiftspostane var leige av utescene, gratis frukost og husleige, og artisthonorar på utescena med 33.000.- for Morgan Sulele, og 36.000.- for Rune Larsen.

Overskotet frå kyrkjekonserten gjekk til arrangøren Hellesylt UL og soknerådet, så her gjekk inntekter og utgifter i null, vart det opplyst.

Rekneskapen for Hellesyltdagane blir ført av Hellesylt Rekneskap AS, under Hellesylt Næringslag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Hellesyltdagane passerte halve millionen

  • Wow, marvelous weblog layout! How long have you ever been blogging for?
    you make running a blog look easy. The overall look of your site
    is wonderful, as neatly as the content material! You can see similar here
    sklep online

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *