LokalnyttLokalsport

Kalassiger for G14-laget

gutar-1411

G14-laget smelte til med eit nytt sterkt resultat då dei vann 8-2 over Godøy GOGL på Hellesylt stadion tysdag.

G14-laget til Sunnylven spelar 9-ar fotball og er i haustform. Nyleg vann dei 3-2 over serieleiar Langevåg 2, og tysdag kveld møtte Godøy GOGL storskårarar i raudt og blått på Hellesylt stadion. Gjestane forsvara seg godt i fyrste omgang så ved pause stod det 1-1, men i andre omgang vart det klasseforskjell.

Målskorarar for G14 denne gongen var Jakob 3, Kristian 3, Kasper og Loke eitt kvar.

Tabellen toppar Rollon med 18 poeng, Langevåg 2 har ein kamp meir og 18 poeng, Sunnylven har 16 poeng på tredje plass.

Tre kampar står att av ein kjempesesong. No er alt opp til dei sjølve, vinn dei i to møte mot Rollon og mot Hessa i aller siste kamp er dei vinnarar av si avdeling, seier trenar Kirsti Frøysadal Hauge.

Kampprogrammet som står igjen er;

Rollon borte 17. oktober.

Rollon heime 20. oktober (Hellesylt stadion)

Hessa heime 25. oktober (Hellesylt stadion)

Spelarar på G 14-laget: Viktor Fivelstad, Brede Ringdal, Matti Kjellstadli, Espen Ringdal, Simen Frøysa Hellebostad, Even Lade, Mats Forbord, Loke Kjellstadli, Jakob Sæter, Kristian Frøysadal Hauge, Jakob Andreas Foldal, Kasper Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380