Klubbens dag samla heile fotballfamilien

Hellesylt stadion var folksam laurdag. Der vart det spela fotball og vist treffsikker skyting med ball på mange mål.
Veret vart bra og frammøtet var stort då Sunnylven Fotball arrangerte Klubbens dag. I alt 63 fotballspelarar frå aldersbestemte lag hadde moro med ball på Hellesylt stadion laurdag. Også oppmenn og trenarar i lag med fotballstyret var til stades, både som kampdommarar og hjelparar under dei mange aktivitetane.
Fotballeiar i Sunnylven Fotball, Leif Rune Tryggestad såg ut over eit stadion lik ei «myldrande maurtuve». Han lika det han såg, at mange unge spela fotball og hadde det moro. Alle hadde også fått T-skjorte frå hovudsponsor Sparebanken Møre, blå til dei unge og raude til leiarane.
Og snart var det måltid, spander av Orkla. Representantar frå bedrifta hadde med ein pizzaomn der 20 Grandiosa kunne varmast på ein gong, fortalde Tommy Sandø og Geir Ringdal. hadde mat som alle lika.
Naturleg nok vart det spela mykje med ball, både mellom lag og der treffsikkerheit vart belønna. Til slutt var det showkamp mellom ungdomen og foreldra. Resultatet var nok ikkje det viktigaste, det var mest moro med Klubbens dag i Sunnylven.