Lokalnytt

Kurlå er restaurert

Ein kvil på hustrappa for dugnadskarane. Frå venstre Asgeir Kvernberg, Kjell Løseth, Odd Normann Hoff og Kåre Løvoll.
Ein kvil på hustrappa for dugnadskarane. Frå venstre Asgeir Kvernberg, Kjell Løseth, Odd Normann Hoff og Kåre Løvoll. Legg merke til den flotte inngangsdøra.

Måndag denne veka vart siste torvene lagde på taket på huset på Kurlå. Huset er ferdig restaurert innanfor budsetterte kostnader.

Eldsjeler i Storfjordens Venner, styreleiar Kjell Løseth, Odd Normann Hoff, Asgeir Kvernberg og sjefsrestauratør Kåre Løvoll la siste torvene på hustaket på Kurlå måndag. Frå før har heile huset med veggar, vindu og dører blitt sett i stand av nettopp Kåre Løvoll og to medhjelparar. Også mykje dugnadsarbeid har blitt utført på bygninga på den gamle husmannsplassen.

Huset i Kurlå var i ei elendig forfatning. Men inga oppgåve er for stor for Storfjordens Venner, for i dag står det fram som eit prakteksemplar på kva organisasjonen kan få til gjennom sitt restaureringsarbeid. Truleg er huset i betre stand i dag enn då det vart reist ein gong midt på 1800-talet.

Til restaureringa har snikkarane nytta opp igjen mykje av dei gamle materialane, men noko er også nytt. I veggane er der felt inn nye tømmerstokkar, eller det er borkledd med tilkløyvd materiale og spikra med klypp-spikar. Kostnadsoverslaget var på 1.245.000.- kroner. -Vi løyver pengar slik vi brukar å gjere, slår dugnadskarane på Kurlå fast.

Kåre Løvoll, æresmedlem i Storfjordens Venner av året, har utført arbeidet. Han har lang erfaring med istandsetjing av gamle hus. I Storfjordens Venner starta han i 1995 på Skotet og seinare vart det Ospahjellen. På Kurlå har han jobba saman med sine fast medhjelparar, ein finsk snekkar og ein frå Volda.

Som alle andre restaureringsprosjekt er alt arbeid på Kurlå godkjent og utført etter antikvariske prinsipp, seier Odd Normann Hoff. Han er leiar i prosjektgruppa i organisasjonen og ramsar opp fleire tiltak som skal kome i gong det neste året. Mellom anna skal arbeidet på eit hus og ei løe på Litle-setra mellom Me-Åkneset og Ytste-Åkneset starte opp, fortel Odd Normann Hoff.

Og Asgeir Kvernberg i prosjektgruppa fortel om hus i Bjønnavika lenger ute i Storfjorden som blir sett i stand. Her budde ein dugande smed med slektsband til Kjellstad, mellom anna vart Bjønnavikgrevet til her. Forma på grevet var revolusjonerande og har same forma i dag som då, seier Kvernberg.

Vi kunne ha laga besøket frå Kurlå lenger, men festen blir til våren fortel leiar Kjell Løseth. Då skal det feirast at Kurlå er ferdig restaurert, ei markering slik Storfjordens Venner brukar halde når prosjekt er ferdig.

Odd Normann Hoff håper lag og organisasjonar vil bruke Kurlå. -Eit hus har godt av å bli brukt. Kanskje kan skulen ha sine faste prosjekt her, idrettslaget har ei trimløype mot Åsen som går forbi ikkje lagt frå Kurlå, og plassen er fantastisk som stad for jonsokfeiring eller andre aktivitetar med HUL. Eg vil snakke med eigar Åse Turid i Bergen om bruk av området, noko eg trur går i orden, seier Odd Normann Hoff.

Også på baksida er det kome ny trapp og ny dør. Stovehuset på Kurlå har blitt stasleg.
Også på baksida er det kome ny trapp og ny dør. Stovehuset på Kurlå har blitt stasleg.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

2 thoughts on “Kurlå er restaurert

  • You actually make it seem so easy with your presentation however I
    find this topic to be really one thing that I believe
    I would never understand. It sort of feels too complex and extremely huge for me.
    I’m having a look forward to your next put up, I will try to get the
    grasp of it! Lista escape roomów

  • I like this weblog it’s a master piece! Glad I detected this on google..

Kommentarfeltet er stengt