Lokalnytt

Laurdagsbasar med sanitetslaget

Laurdagsbasaren var godt besøkt, spesielt tidleg på dag.
Laurdagsbasaren var godt besøkt, spesielt tidleg på dag.

Det kom mykje folk til den årlege basaren til Sunnylven sanitetslag. Sal av lodd og mat gav brutto inntekter om lag som tidlegare år.

Det var litt kjøleg, men elles strålande ver på Hellesylt der Sunnylven sanitetslag inviterte til laurdagsbasar. Og den gode basarstemninga var til stades i Sunnylven samfunnshus med pynta småbord og gevinstar som fylte både ei lang snor og nokre bord.

Som på basarar dei siste åra vart gevinstane vunne på snurrelodd, noko som gjer basaren spanande også for unge loddkjøparar. Dei fleste av rundt 70 store og små gevinstar vart nye eigarar til del denne laurdag ettermiddagen.

I godt lag høyrer også med god servering. Basararrangøren hadde baka og kokka, og både lapskaus og eit variert utval kaker med kaffi hadde godt sal og fall i smak.

Ann Janne Hole i styret hadde mange fine gevinstar å dele ut til heldige loddkjøparar.
Ann Janne Hole i styret hadde mange fine gevinstar å dele ut til heldige loddkjøparar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Laurdagsbasar med sanitetslaget

  • Wow, fantastic weblog format! How long have you ever been running a blog
    for? you made blogging look easy. The whole look of your website is excellent,
    as smartly as the content! You can see similar here najlepszy sklep

Kommentarfeltet er stengt