Medlemsteikning i samfunnshuset drøfta

Sunnylven samfunnshus vart på årsmøtet 2015 endra frå partslag til foreining.

Sunnylven samfunnshus vart på årsmøtet 2015 endra frå partslag til foreining.

Sunnylven samfunnshus vart på årsmøtet i 2015 endra frå partslag til foreining. For å styrke økonomien er medlemsteikning for lag og grupper blitt drøfta.

 Dei vanlege inntektene til samfunnshuset bli som før frå utleige av huset. For å halde på ein nokon lunde «sosial profil» vil takstane ligge på eit relativt rimeleg nivå for aktivitetar som ikkje er inntektsbringande, skreiv styret i eit rundskriv som vart sendt ut til 25 lag og grupperingar i Sunnylven før eit møte i samfunnshuset. Det var også innkalling til møte der ein skulle drøfte innføring av medlemsteikning for å styrke økonomien til Sunnylven samfunnshus.

Ikkje stemning for kontingent

Få møtte på allmannamøtet i Sunnylven samfunnshus der innføring av ein kontingent vart drøfta. Medlemsteikning for lag og organisasjonar fekk ikkje den store tilslutnaden sjølv om meininga er at medlemer skal få redusert husleige ved arrangement. Ein liten kontingent kunne likevel godtakast, vart det sagt.

Spørsmålet om medlemsteikning eller ikkje blir avgjort på neste årsmøte i Sunnylven samfunnshus.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380