Ole Ringdal AS skal utvide

Disponent Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole A. Ringdal ved måleriet av grunnleggaren Ole Arthur Ringdal, måla av Bjørn Tveit i 1986, seks år før han gjekk bort.

Adm. direktør Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole A. Ringdal ved måleriet av grunnleggaren Ole Arthur Ringdal, måla av Bjørn Tveit i 1986, seks år før han gjekk bort.

Måndag 3. oktober var ein spesiell dag ved Ole Ringdal AS. Då var det på dagen 50 år sidan bedrifta tok i bruk anlegget på Øyrane, hundre år sidan grunnleggaren vart fødd, og ny utviding vedteke.

Ole Ringdal AS på Hellesylt markerte fleire merkedagar måndag 3. oktober då bedrifta spanderte lunsj, kaffi og kake på alle sine tilsette. På denne dagen var det akkurat hundre år sidan grunnleggaren, Ole Arthur Ringdal vart fødd og det var på dagen 50 år sidan fyrste byggesteg på Øyrane vart teke i bruk.

-Det er viktig å markere denne dagen, den er spesiell for oss alle, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal då han ønska vel møtt til samlinga og eit bugnande lunsjbord. Han lova samstundes meir markering for alle under julebord seinare. –Det fortenar dokke verkeleg, la han til.

Har vedteke utviding

Adm. direktør Kristen Ringdal fortalde litt om bedrifta si utvikling opp gjennom åra der det har blitt i alt seksten utvidingar av anlegget på Øyrane. Der har det blitt skapt nytt byggeland på det som var sjøgrunn tidlegare, sa Ringdal. Han kom også med ei nyheit som utløyste applaus frå dei tilsette. Styret i bedrifta hadde tidlegare på dag gjort eit samrøystes vedtak om å utvide med nye 1500 – 2000 kvadratmeter. –Vi treng meir plass å produsere på. Åknesremna har hemma utviklinga for oss, men no skal det bli ein realitet, sa han. Nybygget skal stå ferdig til mai neste år, 79 år etter at det heile starta i ein kjellar ved Hellesyltfossen.

Tilsett i 50 år

Rundt 70 av Ole Ringdal AS sine tilsette var samla til lunsj i kantina måndag. John Ringdal var ein av dei, ein trufast medarbeidar som på dagen hadde jobba i bedrifta i 50 år. Måndag fekk han både gode ord og blomar for innsatsen så langt. Han tok til i jobben same dag som kjøttvarebedrifta tok i bruk det fyrste nybygget på Øyrane, ein arbeidsplass han har hatt ubroten sidan då, berre vekke eitt år i militære, vart det fortalt. Kanskje var det etter sommarjobben i 1961 vel tolv år gamal at han fann det interessant å jobbe i hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt. Der han har vore inn om dei fleste arbeidsoppgåvene, dei siste åra som klassifisør.

I tillegg til stort lunsjbord vart det spandert kake og kaffi på alle tilsette.

I tillegg til stort lunsjbord vart det spandert kake og kaffi på alle tilsette.

John Ringdal fekk æra av å skjere det fyrste stykket av marsipankaka. Til høgre Ole A. Ringdal.

John Ringdal fekk æra av å skjere det fyrste stykket av marsipankaka. Til høgre Ole A. Ringdal.

John Ringdal, ein trufast tilsett i 50 år fekk blomar og gode ord frå leiinga, Kristen Ringdal t.v. og Ole A. Ringdal.

John Ringdal, ein trufast tilsett i 50 år fekk blomar og gode ord frå leiinga, Kristen Ringdal t.v. og Ole A. Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380