Lokalnytt

Ønskjer seg meir sau og lam

Dagleg leiar ved Ole Ringdal AS på Hellesylt, Ole Arnstein Ringdal viser fram ferdig pinnekjøtt, festmat for mange til jul.
Dagleg leiar ved Ole Ringdal AS på Hellesylt, Ole Arnstein Ringdal viser fram ferdig pinnekjøtt, festmat for mange til jul.

Ved Ole Ringdal AS produserer dei ferskvarer og spekemat av sau og lam frå norske bønder. Vi ønskjer oss meir av dette fantastiske råstoffet, slår dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fast.

Hos Ole Ringdal AS på Hellesylt blir klimarom og kjølelager i desse dager fylte opp av kjøtt frå sau og lam. Sjølv om det er tidleg haust er mykje julemat ferdig alt. I klimaromma blir store mengder pinnekjøt og fenalår pakka ned og gjort klart for utsending.

Hellesylt.info besøkte kjøttvarebedrifta på Hellesylt, den desidert største arbeidsplassen i bygda med sine rundt 100 tilsette no i haustsesongen. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal let telefonen ligge og tok seg tid som guide rundt om i anlegget frå slakteri til skjerehall og klimarom.

Julemat påtinga

-Ole Ringdal AS produsere det meste av varer av kortreist råstoff levert av norske bønder. Tilgangen på slaktedyr har hatt ein fin auke i år, seier dagleg leiar som hadde håpa på enno større tilførsler av slaktedyr.

-Vi slaktar rundt 550 sau og lam kvar dag, men kunne ha produsert varer av det dobbelte. Å få det omsett er ikkje noko problem, for det meste av det vi har produsert til no er tinga vekk-.

Betydeleg overpris

-Ole Ringdal AS har i alle år betalt ein betydeleg overpris i høve til jordbruksoppgjøret sine prisar. Har dyret god kvalitet/klasse og det blir levert 60 dyr eller meir kan tillegget for eit lam kome opp i ca. 15.- kroner per kilo. Er lammet 20.- kilo vil betalinga bli 300.- kroner ekstra i høve til jordbruksoppgjøret.

Så langt ha bedrifta slakta 2000 fleire lam enn i fjor grunna god pris, men også på grunn av tidlegare slakting etter gode beiteforhold og tidleg sanking.

Dagleg leiar fortel at bønder i Sunnylven er gode og lojale leverandørar, men han kunne tenkt seg meir slaktedyr både frå resten av kommunen, Sunnmøre og Nordfjord.

-Det er eit paradoks at mykje slakt blir sendt ut av Møre og Romsdal. Vi betalar godt og ønskjer oss meir slakt for både å trygge og skape fleire arbeidsplassar. Bedrifta og tilsette skattar for ca. 15. mill. kroner til Stranda kommune, pengar som kjem innbyggarar til gode på fleire måtar.

Nok julemat

Sjølv om Ole Arnstein Ringdal ønskjer seg større tilførsler av sau og lam for å produsere julemat av topp kvalitet trur han dei skal greie å dekke etterspørselen også i år. Kor store kvanta det er snakk om vil ikkje dagleg leiar uttale seg om. Men han har ei oppmoding til bøndene.

-Sats på sau, ikkje tenk berre på landbruksoppgjøret og der det kan bli 15 kroner ekstra i beitetilskot for kvart dyr, men lever til oss og få godt betalt.

Bildekarusell.

[metaslider id=15298]

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *