På haustfesten: MYKJE ROS TIL VARDEN 4-H

Mandag skipa Varden 4-H i Sunnylvsbygda til haustfesten sin. På denne festen får dei unge i klubben gjennom ei utstilling synt det arbeidet dei har halde på med siste året.
Dessutan står dei for program med sketsjar, song og anna, bevertning og utlodding til inntekt for arbeidet sitt. I år var det Kjell Oddvar Frøysa som leidde festen, og dei frammøtte kunne beundre i alt 12 utstilte oppgåver.
Full av lovord, var 4-H instruktør Inger Årflot frå Volda som var til stades på festen for å bedømme dei framlagde arbeida. – Det er tydeleg at dette er ein klubb med tradisjonar, sa ho mellom anna, då vi snakka med henne om utstillinga. – Dei arbeida som er lagde fram held svært høg standard. Og særleg gledeleg er det å sjå kor mykje arbeid det gjennom året er lagt i arbeidsbøkene som skal førast. – Så i tillegg til det arbeid borna gjer, er det tydeleg at her står dyktige leiarar og foreldre bak også, sa Inger Årflot
Leiarar for klubben i år har vore Jon Oddvar Frøysa og Gunn Sundgot. No tek Inger Rusten over etter Jon Oddvar Frøysa.
Resultatlista frå utstillinga måndag ser slik ut:
Aspirantar : Brit Torun Rusten ( Baking) 10 års merke. Egil Jarle Frøysa ( Sau ) 10 års merke. Hilde Randi Helset ( Baking ) 11 års merke, og Brita Djønne ( Hest ) 11 års merke.
Junior: Kristin Storstein ( Eggerettar ) Bronse og Vitnemål, Frank Øksvang ( Snikkering ) Bronse og Vitnemål, Ann Kristin Sundgot ( Prydsaum ) Bronse og Vitnemål, Norunn Brekke ( Strikking) Sølv og Vitnemål. Marianne Gjørvad ( Baking) Bronse. Mariann Sundgot ( Dyret mitt ) Gull, Kjell Oddvar Frøysa (Grønsaker) Gull Øystein Arild Frøysa ( Gras ) Sertifikat / fagskjold. Plakettvinnar. Hildegunn Vollset (Baking) Sertifikat / fagskjold.
Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, oktober 1981.