LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Pluss for Hellesyltdagane

Ann Kristin Langeland og Svein Sporstøl og resten av komiteen leverte ein solid sluttstatus for Hellesyltdagane 2016. Til høgre på biletet Astrid Langeland som selde annonser for messeavisa for 172.000.-
Ann Kristin Langeland, Svein Sporstøl og resten av komiteen leverte ein solid sluttrapport for Hellesyltdagane 2016. Til høgre på biletet Astrid Langeland som selde annonser for messeavisa for 172.000.-

Ikkje berre økonomien gjekk i pluss for årets Hellesyltdagar. Også tilbakemeldingar frå publikum var positive.

Rekneskapet for Hellesyltdagane 2016 kom ut med eit overskot på 20.000.- kroner, men også for lag og organisasjonar vart sommarhelga fyrst i juli lønsam. Det kom fram då arrangementskomitéen kalla inn til evalueringsmøte tysdag kveld. Rundt 20 personar møtte og fekk god informasjon om arrangementet og det økonomiske resultatet.

Store programpostar som kyrkjekonserten og andesleppet selde godt og gjekk i pluss. Også tivoliet og antall stand var gode inntektskjelder. Alt no er det påtinga 21 stand til neste års arrangement 7. 8. og 9. juli, vart opplyst på evalueringsmøtet. Då er det 30-års jubileum for Hellesyltdagane, tidlegare kalla Sommardagar på Hellesylt.

Ønskjer fleire hjelparar

Ann Kristin Langeland gjekk gjennom heile arrangementet, frå opning med kyrkjekonsert fredag kveld, innslaga på utescena til andesleppet i Hellesyltfossen søndag. Det aller meste vart som planlagt og reaksjonane og tilbakemeldingane frå publikum har vore positive, sa ho og la til; -Ved eit så stort arrangement er der sjølvsagt ting som kunne ha vore gjort betre, til dømes rydding i gatene. Problemet er kvar ein kan finne personar som kan hjelpe, bygda er lita og dei aller fleste er engasjert i eitt eller anna denne helga. Kanskje må ein spørje heimvende sunnylvingar om hjelp til diverse-.

Attval i komiteen

Komitéen for Hellesyltdagane hadde gjort ein god jobb og leverte ei solid oppsummering på møtet. Medlemane gav uttrykk for at samarbeidet har vore godt, at dei hadde hatt det kjekt i lag. Ved val av ny komité for jubileumsåret tok dei aller fleste attval. Komitéen vart; Ann Kristin Langeland, Svein Sporstøl, Erik Torset, Per Ove Frøysa, Åse Støverstein Ringdal ny. Dei vil knyte til seg andre personar etter som dei treng.

Utfordringar

Komitéen kan kome til å møte visse utfordringar neste år om arrangementet skal vere like stort som tidlegare. Svein Sporstøl meinte Hellesyltdagane bør ha ein messedans laurdag kveld, noko Grand Hotel har teke seg av dei siste åra. Til neste sesong var drifta av hotellet usikkert.

Arealet på grusbana der tivoliet har halde til kunne bli innskrenka på grunn av ny utviding ved Ole Ringdal AS så her måtte ein sjå etter andre løysingar, og når det galdt parkering av bilar i sentrum måtte ein kanskje ta i bruke parkeringsvakter for tilvising av plassar.

Godt samarbeid

Hellesyltdagane har oppretta god kontakt med politi og Røde Kors, -Politiet har gjeve uttrykk for at dei ønskjer å vere til stades, noko vi set pris på. Alt gjekk roleg for seg, og det var ikkje uhell og oppdrag for Røde Kors heller, sa Svein Sporstøl.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Pluss for Hellesyltdagane

  • Wow, awesome weblog layout! How long have you ever been blogging for?
    you made blogging glance easy. The total glance of your web site is excellent, let alone the content material!

    You can see similar here najlepszy sklep

Kommentarfeltet er stengt