Prøysen-viser med Koret i november
Her presenterer vi ein gla`gjeng songarar på Hellesylt som kvar måndag kveld kjem saman til songøving.
Dei kallar seg noko så enkelt, men treffande som Koret og søndag 6. november inviterer dei til konsert med Prøysen-viser på Sunnylven samfunnshus. Også under julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 18. desember blir Koret å høyre igjen, då med eit juleprega repertoar.
På bildet frå øving måndag 3. oktober manglar to – tre av songarane.