Resultatet etter Hellesyltdagane klart

Hellesyltdagane 2016 var av dei best besøkte nokon gong. Også interessa for andesleppet slo alle rekordar, kunne dei største artsfrendane fastslå.

Hellesyltdagane 2016 var av dei best besøkte nokon gong. Også interessa for andesleppet slo alle rekordar, kunne dei store artsfrendane fastslå.

Tysdag i neste veke legg arrangørkomitéen fram rapport med økonomisk resultat frå Hellesyltdagane 2016.

Tysdag 18. oktober blir det evalueringsmøte etter årets Hellesyltdagar. Arbeidsgruppa legg då fram rapport frå arrangementet sett frå deira si side, og det vert orientert om det økonomiske resultatet.

Arbeidsgruppa ynskjer ein dialog med lag/organisasjonar på korleis Hellesyltdagane skal vere framover, kven folkefesten blir skipa til for og synspunkt på kven som formelt skal arrangere, skriv årets arrangementskomité i innkallinga til møtet.

Dei oppmodar spesielt lag og organisasjonar til å møte opp og kome med synspunkt.

Møtet blir halde på Sunnylven samfunnshus tysdag 18. oktober klokka 19.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380