Sanitetsbasar laurdag

Laurdag held Sunnylven sanitetslag basar på Sunnylven samfunnshus.

Laurdag held Sunnylven sanitetslag basar på Sunnylven samfunnshus.

Komande laurdag inviterer Sunnylven sanitetslag til basar på Sunnylven samfunnshus. Det blir trekning av flotte gevinstar på snurrelodd og sal av mat.

Sunnylven sanitetslag har fått inn mange flotte gevinstar til sin årlege basar laurdag. Basaren er på dagtid på Sunnylven samfunnshus. (Sjå aktivitetskalendar)

Det gamle trekkjarapparatet til sanitetslaget som har blitt kalla «Skramlå» blir ikkje i bruk laurdag, men eit stort og variert utval gevinstar både frå ei lang gevinstsnor og andre, skal bli loddkjøparar til odel og eige. Mange av gevinstane har laget fått frå privatpersonar og bedrifter, men nokre er også kjøpte eller det er handarbeid laga av medlemmer og andre. Det er nesten garantert at ingen loddkjøpar går heim frå Sunnylven sanitetslag sin basar utan gevinst laurdag.

Sanitetslaget byd også på sal av lapskaus, kaffi og kaker. Basaren opnar klokka 13.00 og varer til 15.30

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380