Sara Sæther vann Rasmus Matviks minnepokal.

Sara Sæther.

Sara Sæther.

Basert på applausen frå salen var Sara Sæther ein populær vinnar av Rasmus Matviks minnepokal . Pokalen vart utdelt for 15 gong på  fotballavslutninga søndag 30 oktober. Neste år får ein av dei femten vinnarane pokalen til odel og eige. Sara spelar på Jenter 13 år.

Vinnaren vert trekt ut etter framlegg frå trenarane på ungdomslaga frå 12 år og oppover. Desse har nominert to spelarar kvar. Kriteria det vert lagt vekt på er positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte.

Tidlegare har desse blitt trekt ut som vinnarar: Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord, Henning Frøysa, Ingeborg Langeland, Håkon Elias Kjellstad, Stian Frøysa, Ottar Frøysa Hellebostad, Gina Gausemel, Malin Taraldset Fivelstad og Kristian Andre Frøysadal Hauge.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info