Saueklippar Ross Thomson vann

Ross Thomsen har jobba ved Ole Ringdal AS i haust.

Ross Thomson har jobba ved Ole Ringdal AS i haust.

Ross Thomson, saueklippar som til dagleg jobbar ved Ole Ringdal AS i haust, vann internasjonal klasse senior under NM på Ringebu.

Åsmund Kringeland frå Aksdal i Rogaland sikra seg NM-tittelen då Norgesmeisterskapen i sauekipping vart arrangert på Ringebu 8. oktober.

Under konkurransen er det lagt opp til at også dei mange utanlandske saueklipparane som arbeider i Norge kan delta, men ikkje om NM-tittelen, skriv fagbladet Sau og Geit.

I klasse senior vart Ross Thomson, Skottland beste saueklippar. I denne klassa må vedkomande klippe meir enn 200 sauer for dag. Som hellesylt.info har fortalt tidlegare jobbar Ross Thomson som saueklippar ved Ole Ringdal AS. Det er gode klipparar ved bedrifta på Hellesylt.

Det var lokallag av Norsk Sau og Geit i kommunar i Gudbrandsdalen som var arrangørar av NM i saueklipping. Arrangementet foregjekk under den årlege Fårikålfestivalen i landsbyen Ringebu.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380