Siste tur for turistferja måndag

31. oktober er siste tur på Verdsarvfjorden for mannskapet på Bolsøy. Frå venstre Palmar Kopperstad, Svein Hjelle, Inga Kupetauskiene, Per Tallerås, Rolf Sekkesæter. Thomas Sellevoll vart ikkje med på biletet.

Måndag 31. oktober er siste dag med ferjetrafikk mellom Hellesylt og Geiranger for i år.

Det har blitt ekstra mange turar for Bolsøy på Verdsarvfjorden i år. Det starta i mai og aldri før har turistferja gått så lenge som til november. No har trafikken minka så det er greitt å slutte av, seier kaptein på Bolsøy, Per Tallerås.

Om ein skulle halde fram med ruta, burde i alle høve rutefrekvensen endrast. Det er mørkt når vi går fyrste tur frå Geiranger om morgonen og mørkt når vi går siste frå Hellesylt om kvelden. Då er det lite å sjå for dei reisande, seier Trallerås.

Måndag er det siste turane for mannskap og gamle, gode Bolsøy frå 1971 som har gått utan feilslag heile sesongen. Deretter skal ferja inn til overhaling og oppussing for ein ny sesong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380