Lokalnytt

Skuleklasser på ferjecruise

I styrhuset hos skipper Per Tallerås var det mykje spanande å sjå og lære.
I styrhuset hos skipper Per Tallerås var det mykje spanande å sjå og lære.

Snart går siste ferjetur mellom Hellesylt og Geiranger med Bolsøy i år. Elevar ved Sunnylven skule fekk tilbod om ferjecruise og takka ja.

Torsdag drog elevar og lærarar frå småskulen i Sunnylven på ferjetur. Heile skulen var invitert om bord i turistferja Bolsøy, men grunna kort invitasjonsfrist var det berre småskulen som takka ja denne gongen. Dei fekk seg ei triveleg fjordreise sjølv om veret ikkje var det beste denne dagen. Det bles kuling med storm i kasta, men gode, gamle Bolsøy let seg ikkje skake og stemna stødig og trykt inn Verdsarvfjorden.

I alt 26 elevar og fire lærarar steig om bord i Bolsøy på Hellesylt på fyrste avgang torsdag morgon. Der var det god plass, turisttrafikken er stort sett slutt no ved inngangen til november.

Den fyrste elevane møtte om bord i Bolsøy var billettør Palmar Kopperstad. Han slepte ombord alle gratis.
Den fyrste elevane møtte om bord i Bolsøy var billettør Palmar Kopperstad. Han slepte ombord alle gratis.

Om bord vart elevar og lærarar tekne godt i mot, og etter kvart fekk alle ein tur i opp i styrhuset til skipper Per Tallerås. Han svara viljug på fleire spørsmål og tillet at dei fekk trykke på knappen for båtfløyta, for det var noko alle hadde lyst å prøve. I salongen hadde Inga Kupitauskiene svele og kakao å spandere og plutseleg var Bolsøy kome til kai i Geiranger.

Etter ein tur på land i sentrum var det heimreis med Gaute Gneis ombord. Under den fantasifulle drakta skjulte seg Merete Løvoll Rønneberg som tok elevane med på ei eventyrreise der alle forteljingar hadde utgangspunkt i dei mange bergartar som finnst. Om det var drakta, temaet eller dei pedagogiste evnene til forteljaren som slo til veit vi ikkje, men den unge forsamlinga lytta spente til historiene. Og med kvar si Gaute Gneis-bok i gåve frå forfattaren kan elevane lese og oppleve meir om eventyrfiguren og vennene hans seinare.

Snart var Bolsøy ved kai på Hellesylt igjen og skuledagen for småskulen skulle halde fram i elevane sine faste klasserom.

Gaute Gneis kom om bord i Geiranger og var med på turen til Hellesylt.
Gaute Gneis kom om bord i Geiranger og var med på turen til Hellesylt.
Skuletimen om dei mange bergartane, formidla i eventyrform fekk ei lyshøyr forsamling.
Skuletimen om dei mange bergartane, formidla i eventyrform fekk ei lydhøyr forsamling.
Gaute Gneis hadde med ei gåve til kvar av elevane, boka "Gaute Gneis får eit oppdrag"
Gaute Gneis hadde med ei gåve til kvar av elevane, boka «Gaute Gneis får eit oppdrag»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380