Startar riving av Meieriet

Om få dagar startar rivinga av Sunnylven Meieri, også den store meieripipa.
Sjå godt på gamle Sunnylven Meieri, ta gjerne eit bilete som minne om ei tid då meieriet på Hellesylt var ein stor og trygg arbeidsplass i bygda.
I veke 44 startar rivinga av dei nye tilbygga, det kvite bygget med mønetak skal stå igjen, etter det hellesylt.info kjenner til.
Det er Møre Miljøsanering AS som skal utføre rivearbeidet. Firmaet har gjort mykje arbeid på førehand, mellom anna er 4- 5000 kvadratmeter innvendige veggflater reinsa for måling. Mur –og betongmassane skal fyllast tilbake i grunnen så langt det er plass. Anleggsplassen er også innegjerda på alle kantar.
Very interesting information!Perfect just what I was looking for!Raise blog range