Lokalnytt

Stor og variert fotoutstilling

Leiar i Stranda Fotoklubb, Kristbjørg Bjørndal og fotoutstillingsleiar, Ingeborg Sæter kunne vise fram i utstilling som heldt høgt nivå.
Leiar i Stranda Fotoklubb, Kristbjørg Bjørndal til venstre og fotoutstillingsleiar, Ingeborg Sæter kunne vise fram arbeid som heldt høgt nivå.

Stranda Fotoklubb si utstilling som opna laurdag var både stor og imponerande. I Storfjord kulturhus pryda bilder i svart kvitt og i fargar fleire av veggflatene.

Det var fjerde året på rad at Stranda Fotoklubb inviterte til fotoutstilling, meinte leiar i klubben Kristbjørg Bjørndal å huske. Og det var ei utstilling større enn nokon gong som vart presentert for publikum på laurdag, og som også er opa på søndag.

Barnehagar med

Stranda Fotoklubb har 60 medlemer, ikkje berre frå Stranda, men også frå mange andre kommunar på Sunnmøre, fortalde Kristbjørg Bjørndal. Til årets utstilling hadde ein jurye plukka ut 70 bilete med varierande motiv frå landskap og blomar til folk og dyr. Og som under tidlegare utstillingar hadde tre barnehagar, Sunnylven, Helstad og Ringstad også i år sine monter med bilete som borna hadde knipsa sjølve, men fått litt hjelp med kopiering og presentasjon på utstillinga.

Turar og medlemssamlingar

Stranda Fotoklubb er ein aktiv klubb og har mange sosiale opplegg for medlemane, fortalde Kristbjørg Bjørndal. Siste året har fleire vore på turar til utlandet, til Hebridene, Skottland, Italia, og her heime har dei besøkt mellom anna Sota sæter i Skjåk og no nyleg Romedalen i Ørsta. Fyrste laurdag i kvar månad er det fotokafé for medlemane, og elles har klubben halde kurs for nybyrjarar i fotografering og i bildebehandling. Og gjennom fire interne konkurransar kårar dei «Årets fotograf» i klubben, ein tittel som gjekk til leiar Kristbjørg Bjørndal i 2015.

Høgt nivå

Ingeborg Sæter er frå Ørsta, har slektsrøter frå Sunnylven og er medlem i Stranda Fotoklubb. I år var ho utstillingsleiar og hadde som ei av oppgåvene å komponere utstillinga slik at motiv og bilete ikkje «slo i hel kvarandre», som ho sa.

Vi fretta henne litt om kvifor ho var blitt medlem i Stranda Fotoklubb. – Det er fyrst og fremst veldig kjekke folk i klubben. Så er det alltid triveleg på medlemsmøta med servering og fagleg innhald der alle lærer mykje av kvarandre. Sidan fyrste gongen eg var her synest eg nivået på arbeida har heva seg mykje og blitt svært bra, både bildekvalitet og motivval. Det treng ikkje alltid skuldast kor dyrt fotoapparat du har, det er ikkje alltid det som er avgjerande, men å lære seg å sjå motivet og komponere det er like viktig. Du kan godt starte med ein mobiltelefon og få eit godt bilde, sa Ingeborg Sæter som fortalde at utstillinga hadde fleire flotte bileter tekne med mobiltelefon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *