Notiser

Stranda Energi i streik.

-

9 Tilsette i Stranda Energi vert tatt ut i streik frå tysdags morgon. Dette melder Stranda Energi på si Facebook-side.  Feilmelding skal som no meldast på telefon 70 26 08 65.

Her er meldinga som administrerande direktør i Stranda Energi Ola Raknes la ut i dag:

Tilsette uttekne i streik frå tysdag 11.10.16

Stranda Energi AS har motteke varsel om at alle tilsette organiserte i EL&IT – 9 (av 18) tilsette – er tekne ut i streik frå tysdag morgon.

Mekling kom i gang 21. september. Frist for å verte enige var 22.september kl. 24.00.

Det vart oppnådd semje i Energiavtale II mellom KS Bedrift og NITO, Tekna, Norges Juristforbund, Akademikerforbundet og Det Norske Maskinistforbund.

KS Bedrift beklagar sterkt at det er streik på Energiavtale I med EL & IT Forbundet, Fagforbundet og Delta.

Hovudkonflikta mellom KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane er knytt til korleis partane (sentralt) skal handtere regjeringa si endring i arbeidsmiljølova knytt til omrekningsfaktor for vaktarbeidet. Endringane tok til å gjelde frå 01.07.2015. Arbeidstakarorganisasjonane vil ha avtalefesta ei betre ordning(omrekningsfaktor) enn den som står i arbeidsmiljølova, KS Bedrift ynskjer å forhalde seg til Arbeidsmiljølova(som tidligare).

Leiinga har arbeid med førebuing til streik, saman med dei tillitsvalte. Det viktige her har vore å:

  • Lage plan for å sikre drifta
  • Oppretthalde beredskapsavtale på nett/produksjon

Stranda Energi AS er spesielt opptekne av at uforutsette hendingar som straumbrot m.v. blir handsama.

Feilmelding skal som no meldast på telefon 70 26 08 65.

Stranda Energi AS beklagar hvis kundar vert råka av den pågående streiken.

Med venleg helsing

Ola Raknes

-adm. direktør-

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *