Sunnylven barnehage stiller ut foto

Nokre av fotografane i Sunnylven barnehage med bileta dei stiller ut. Bak styrar Hilde Langlo Brekke til høgre og Ivrine Tryggestad
Nokre av fotografane i Sunnylven barnehage med bileta dei stiller ut. Styrar Hilde Langlo Brekke til høgre, og Ivrine Tryggestad

Born frå Sunnylven barnehage er mellom deltakarane på Stranda Fotoklubb si utstilling i Storfjord kulturhus 14. – 16. oktober.

Den årlege sals –og fotoutstillinga til Stranda Fotoklubb blir skipa til komande helg. Mellom fotoglade frå Stranda, Ørsta, Volda, Sykkylven, Norddal og Sula er også fire barnehagar frå Stranda kommune, frå Sunnylven, Helstad, Ringstad og Tusenfryd.

Sunnylven barnehage er klare med fleire flotte foto, fortel styrar Hilde Langlo Brekke. -Ti av dei eldste borna har fått bruke barnehagen sitt fotoapparat og teke mange bilete. Og i det fine haustveret har dei funne mange motiv, detaljar som vi vaksne ikkje ser. Vi har plukka ut ti flotte bilete som vi har kopiert ut og lima på papplater, klare for utstillinga.

Fredag drog Hilde saman med Ivrine og nokre av borna til Stranda for å gjere klar utstillinga si i Storfjord kulturhus. Dei som deltek frå Sunnylven barnehage med bilete er; Emma, Kai Adam, Fredrik, Tuva, Sofie, Madeleine, Ane, Therese, Erle og Siril.

Hilde Langlo Brekke fortel at på turen til Stranda skal dei også innom Biblioteket for å låne med seg bøker heim, dei skal ein tur til Fløten for å leike litt, og det blir tur innom butikkar og Sparebanken Møre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.