Lokalnytt

Triveleg korpskonsert

Sunnylven skulekorps.
Sunnylven skulekorps.

Knapt 60 personar hadde tatt turen til Sunnylven Samfunnshus då leiar i skulekorpset Anita Langeland ønskte velkommen til korpskonsert fredag kveld .

Medlemstalet i korpset går litt opp og ned. Akkurat no er det litt ned og korpset talde 15 musikantar denne kvelden. Det har minka litt i løpet av sommaren. I tillegg har det vore utfordrande å få samla musikantane til øving i haust då mange er opptatt på fleire frontar.

Programmet til skulekorpset bestod av to avdelingar med tre songar i kvar avdeling. Dei starta med den gamle hymnen «O bli hos meg» før dei spelte to salmetonar frå Jølster.

Etter den fyrste avdelinga til korpset var det aspirantane sin tur. Dei hadde hatt 5 øvingar i løpet av hausten, men hadde allereie klart å øve inn 5 songar, mellom anna «Bye, bye love» som Everly Brothers gjorde suksess med på 60-talet. Det var fem aspirantar til stades i kveld og i tillegg er det ein til som skal starte snart så det lovar godt for framtida til korpset.

Aspirantane.
Aspirantane, hausten 2016.

Etter ein pause med kaffi og kaker fekk publikum høyre «6F Swing», og «Angelus» før korpset avslutta den andre avdelinga med Hellbillies-songen «Det finaste eg veit». Deretter orienterte Trond Otto Berg om tilstelningar som korpset skal delta på i haust. I tillegg til julegrantenning og julekonsert skal dei også vere med på 40 års-jubileumet til Stranda kulturskule. Dette skal markerast med to forestillingar i Stranda kulturhus den 12. november. Den 17. desember skal korpset delta på markeringa for opninga av nye-tunellen.

Alt i alt ein triveleg time med korpsmusikk som publikum tydeleg sette pris på.

Korpset starta med den gamle hymnen «O bli hos meg».

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info