Lokalnytt

Under Kopen til topps i haustquizen.

Frå venstre: Gunnar Sårheim Fivelstad, Lars Fivelstad, Svein Erik Frøysa og Kristin Storstein.
Frå venstre: Gunnar Sårheim Fivelstad, Lars Fivelstad, Svein Erik Frøysa og Kristin Storstein. (Foto: Arild Ringdal)

«Under Kopen» gjekk til topps i haustquizen som vart arrangert på Peer Gynt Galleriet fredag. Dei låg eit poeng bak «Restane etter die Mannschaft» etter dei fyrste 20 spørsmåla, men hadde ein god andre runde og sigra til slutt 8 poeng framfor laget som kalte seg «?». «Restane etter die Mannschaft» kom på tredje plass og «Tertene» på fjerde plass.

Quizmaster Arild Ringdal hadde saman med Egil Røyrhus laga ein variert quiz på 40 spørsmål fordelt på to rundar. Her vart deltakarane prøvde i alt frå reiseavstand frå Hellesylt – Vladivostok til namnet på filmane i «Ringenes Herre triologien».

Neste quiz er planlagt til 6 juledag, men her kan det kome endringar. Dette vil bli annonsert på Facebook og på hellesylt.info

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *