Utflytta Sunnylvingar med «samkøyringsapp».
To utflytta Sunnylvingar, Rasmus Ringdal Myklebust og Ole Christian Helset står bak appen «SammeVei» som vart lansert i september i år. Denne appen har fått mykje presseoppslag den seinare tida. Der i blant oppslag både på NRK, og i fleire aviser på østlandet.
I denne samanhengen er samkøyring at ein får fleire som skal same veg til å køyre i same bil.
Bakgrunnen for utvikling av denne appen er at det fleire stadar i distrikta er dårleg utbygd kollektivtilbod, medan det samstundes er mykje passerande trafikk. Rasmus Myklebust seier til hellesylt.info at det tidlegare var mykje meir vanleg å ta på folk som skulle same veg. Dette vil dei no prøve å gjenskape med hjelp av ny teknologi. Det skal vere like enkelt å sitte på som å køyre sjølv, og det skal vere med på å skape eit like godt transporttilbod i distrikta som i dei store byane.
«Sammevei» er ein app som du installerar på telefonen din. Deretter skriv du inn kvar du skal reise og får opp tilgjengelege bilar som skal same rute i nærheita. Om du er sjåfør og brukar appen kan du velge mellom å tilby spontane turar eller faste turar.
Rasmus Myklebust seier dei har har merka stor interesse den siste tida. Førre fredag passerte dei 400 brukarar berre eit par veker etter at appen vart lagt ut i AppStore.
No håpar Myklebust at så mange som mogleg lastar ned appen og brukar funksjonene «inviter venner» til å lage sitt eige «SammeVei-nettverk» med kollegaer og bekjente dei ynskjer å køyre samen med til jobb eller på lengre turar. I neste versjon av appen vil det og verte mogleg å dele ein foreståande tur på Facebook avsluttar Myklebust.
I was looking at some of your content on this site and I think
this web site is rattling instructive! Keep putting
up.Raise blog range