Lokalnytt

Attval i Sunnylven Bondelag

Peder Hellebostad held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Til stades på årsmøtet var også nestleiar i fylkesbondelaget, Gunnhild Overvoll.
Peder Hellebostad held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Til stades på årsmøtet var også nestleiar i fylkesbondelaget, Gunnhild Overvoll. (Arkivfoto)

Heile styret i Sunnylven Bondelag med Peder Hellebostad som leiar fekk fornya tillit då laget heldt sitt årsmøte.

Rundt tretti av Sunnylven Bondelag sine 85 medlemer kom på årsmøtet som vart halde på Tronstad Grendahus. Der vart det servert juletallerken til dei frammøtte.

På saklista stod vanlege årsmøtesaker, og nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll frå Stranda orienterte om aktuelle saker, mellom anna om nye datoar for søknad om produksjonstilskot. Omlegginga trer i kraft frå 2017 med tre datoar for søknader, i januar, mai og oktober. Frå 2018 blir det igjen endra til to datoar, men då i mars og oktober.

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad er ikkje nøgd med denne endringa. Har trekkjer fram sauebøndene som han trur vil tape tilskott på nyordninga. Kva tid lammar sauene og kva tid blir dei slakta?, spør han. Lamminga foregår stort sett i april og slaktinga i september. Dermed fell mange dyr ut mellom søknadsfristane der det er dyretalet som gjeld for tilskott, seier han. Hellebostad ville heller hatt ei ordning for tilskot som gjekk på produksjon og ikkje berre på dyretal. Han tok opp denne problemstillinga på leiarmøte i fylkeslaget der Einar Frogner i Norges Bondelag også var til stades.

Val

Heile styret i Sunnylven Bondelag vart samrøystes attvald på årsmøtet. Styret er; Peder Hellebostad, leiar, Peder Rune Tronstad, nestleiar, Kurt Erik Sundgot, studieleiar, Jørgen Helset, kasserar, Jørn Stadheim, sekretær, Gunhild Liva Foldal, skulekontakt.

Varamedlemer: Knut Sundgot, Astrid Tronstad Dyrkorn, Johan Inge Kjellstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *