Lokalnytt

Danseglede på generasjonstreff

dans-1

Laurdag inviterte baneleikarringen og dansegruppa i Hellesylt Ungdomslag til generasjonstreff på Sunnylven samfunnshus. Ei triveleg stund med mykje folkedans og god servering.

Det har blitt tradisjon at dansegruppa i Hellesylt UL inviterer til generasjonstreff, eit tiltak som også dei eldre set pris på. Rundt 70 foreldre og andre hadde funne vegen til samfunnshuset for å oppleve unge kulturberarar danse. Og publikum fekk både høyre og sjå 28 dansarar frå fyrste til åttande klasse i lette steg, nesten så dei sveva over scena både med og utan skor,

Dyktige leiarar

Arbeidet som blir lagt ned i dansegrupa i HUL er verdifullt og byggjande. Det er smittande glede som blir vist fram frå dei unge utøvarane opptrer, når det svingar i vals, klappdans, polka, ril eller songdansar. Det vart belønna med stor applaus frå salen. Om det var innsatsen og vibrasjonar som gjorde at musikkanlegget hoppa litt under eine dansen veit vi ikkje, men framføring og innsats var i alle høve stor. Og det er utan tvil ein stor verdi for ei lita bygd å bere vidare gode tradisjonar, men også viktig å huske at ingen ting kjem av seg sjølv. Dei gode leiarane i dansegruppa er også vert å ta vare på.

dans-2

Aktivt år

Under generasjonstreffet var det sal av kaker, bollar, saft og kaffi. Inntekta går til nytt musikkanlegg fortalde leiar i dansegruppa, Wenche Høgalmen Ringdal. Det gamle har gjort teneste lenge og må fornyast.

I pausen fortalde leiaren frå aktiviteten det siste året. Det starta i Velledalen med dansestemne i februar og heldt fram med oppvisning under 17. mai på Hellesylt, både under folkefesten og for pensjonærane på omsorgssenteret. I juni kom cruiseskipa og med dei oppdrag for dansegruppa på cruisekaia, fyrst for Arcadia og seinare for Queen Elisabeth. Det var fullklaff og HUL fekk flotte tilbakemeldingar i ettertid. -Vi stiler gjerne opp og underheld for cruisepassasjerar feire gonger, sa Wenche Høgalmen Ringdal.

Dansestemne på Hellesylt

Seinare vart det opptreden under Hellesyltdagane og filminnspeling av folkedans for Folkepedia og Noregs Ungdomslag. Mykje øving i førekant der mange leiarar og Anna Gjendem som tilreisande instruktør hjelpte til. No i november var det Sjokoladekappleik i Valldal. Godt at vi har ein bussjåfør mellom foreldra, sa Wenche. Generasjonstreffet var siste danseopptreden i år, men neste år er det meir dans. Då er Hellesylt Ungdomslag arrangør av dansestemne for Sunnmøre 8 – 10 september med 175 deltakarar og foreldre samla.

dans-3

Underhaldninga på generasjonstreffet vart avslutta med songdansen «Ein bonde i vår by» og litt showing av gutar som dansa til ein Hellbillie-låt, og jenter som sette dansesteg til ein poplåt, og dei yngste som dansa BliMe-dansen.

dans-4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380