Ein «kjekke» adventssøndag

Fyrste søndag i advent på Hellesylt vart spanande og triveleg både for unge og eldre.
Det skjedde mykje på Hellesylt fyrste søndag i advent. På samfunnshuset vart tombolaen til Sunnylven skulekorps arrangert. Deretter vart den flotte julegrana i sentrum tent, før programmet for dagen vart avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje. Eit verdig punktum på ein «kjekke» dag.
Det var mykje å vinne under skulekorpset sin tombola. Heile 650 gevinstar kunne arrangøren lokke ivrige loddkjøparar med, og det såg ut til at det aller meste fekk nye eigarar. Julestemninga for dagen var sett, der også gode kaker, kaffi og pølse med brød å få kjøpt.
Sunnylven skulekorps hadde også i år lyst ut til baking av pepperkakehus. Mange kreative bakverk kom inn, frå kyrkjer, hus, dyrehagar, ein kopi av ei skytebane og meir, med andre ord stor oppslutnad også i år. Tre av dei innleverte bidraga vart tekt ut og fekk ein liten premie kvar. Ein Flax-kalendar gjekk til Kasper Ringdal, Ingeborg, Fredrik og Vilde, og til Sunnylven Barnehage.
Presis klokka 15.15 vart julegrana i Hellesylt sentrum tent til tonar frå Sunnylven skulekorps. Korpset har øvd godt, i alle fall tona dei kjende julesongane vakkert frå dirigent Trond Otto Berg sitt korpsmannskap. Og rundt og rundt den lysane grana gjekk unge og eldre frå tre til åtti år slik det alltid brukar å vere. Jul er tradisjonane si høgtid.
Og i sjølve gata på Hellesylt lyste små juletre og dekorasjonar, også på Svarthammaren opp for sentrum, i år var «treet» ein halv meter høgare enn i fjor.
Mange kom til lysmesse i Sunnylven kyrkje. Det opna med konfirmantar og medlemer i Joyful i lysprosesjon inn kyrkja, før ungdomskoret på ny gav til kjenne ei smittande songglede i totalt fire songar, fleire med solistar. Vi har vel sagt det før, men det er ei oppleving å høyre desse ungdomane synge, du gløymer tid og stad, at kyrkjebenken ikkje er den best og er bratt i ryggen.
Og vakkert var det med André Ramstad sitt leikne tonefølgje på pianoet, både på to av songane med Joyful og under heile lysmessa. Også konfirmantane med tekstlesing og lystenning, song av Kristin Storstein og preika av sokneprest Stein Karstensen vart alt med på å gjere lysmessa i Sunnylven kyrkje til ei fin og verdig avslutning på fyrste søndag i advent.
I was studying some of your content on this site and I believe this site is
very informative! Retain putting up.Money from blog