Fest med saudehaud.

Geir Frøysa til høgre og Gisl Aaland med eit fat saudehaud klar for servering. Margreta Helset Janssen, Karolin Parthe, Anne Marie Sømoen Frøysa og Marit Hellebostad hadde kontrollen på kjøkkenet.

Geir Frøysa til høgre og Gisle Aaland med eit fat saudehaud klar for servering. Margreta Helset Janssen, Karolin Parthe, Anne Marie Sømoen Frøysa og Marit Hellebostad hadde kontrollen på kjøkkenet.

Rundt 80 personar kom på Sunnylvsbygda grendalag sin årlege saudehaudfest. Ei samkome med mykje godt drøs og eit velsmakande måltid.

Leiar i grendalaget, Geir Frøysa ønska forsamlinga vel møtt med velformulerte ord på rim, og han takka fleire som hadde hjelpt for å få arrangementet i stand. Spesielt var han glad for all hjelp med tilbereding av 120 flådde, salta og tørka saudehaud. Her var velvilje ved Ole Ringdal AS på Hellesylt nok ein gong viktig for å få det heile til med eit godt resultat, sa Frøysa. Han gløymde heller ikkje Leif Egil Åsen som hadde ordna med koking av «delikatessane» som vart servert laurdag kveld.

På matbordet i grendahuset kom 240 halve haud, poteter, kålrotstappe, kokmør og flatbrød, og i baren kunne det meste av forfriskingar kjøpast. Maten fall i smak, enno betre enn i fjor var kommentarane. Det som låg igjen og som ryddegjengen samla inn var bein, tenner, litt tannkjøt og augesteinen, for alt som kan tyggast kan etast på eit saudehaud heiter det.

Per Helge Frøysa fekk det ærefulle oppdraget å takke for maten. Han let vel over det gourmetiske måltidet, og han takka kjøkkenbetjeninga som også fekk velfortent applaus frå heile forsamlinga.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380