Lokalnytt

Forfattar Aud Farstad til Hellesylt

Torsdag kjem forfattar Aud Farstad til Hellesylt for å snakke om boka si "På liv og død". (Foto: Peder Farstad)
Torsdag kjem forfattar Aud Farstad til Hellesylt for å snakke om boka si «På liv og død». (Foto: Nils Peder Farstad)

I mai kom boka «På liv og død: Distriktsjordmødrenes historie» ut på Det Norske Samlaget, eit attersyn om dei fyrste helsearbeidarar på bygdene.

Torsdag kjem forfattaren, Aud Farstad til Hellesylt for å snakke om boka si og om distriktsjordmødrene.

Distriktsjordmødrene – dei jordmødrene som reiste rundt i heimane og tok i mot barn og hjelpte fødande i deira mest sårbare stund – har ei stolt historie i dette landet. Jordmødrene var dei første utdanna kvinnene i landet og dei første offentleg tilsette kvinnene i kommunane. Dei var i over hundre år den næraste profesjonelle helsearbeidaren på bygdene.

Boka kjem nær mange historiske jordmødrer, ei av hovudpersonane er Petra Hellesylt Sæther, som var den siste distriktsjordmora i Sunnylven. Fleire andre jordmødrer frå Sunnylven og Stranda er med i boka. Jordmoryrket var rikt på drama og utfordringar så det er ikkje kjedeleg å vere i lag med dei ei kveldsstund.

Det er Sunnylven sanitetslag som er arrangør av kveldsmøtet på kyrkjelydshuset torsdag og som er ope for alle. Laget har støtta utgjevinga av boka med 5.000.- kroner. (Sjå aktivitetskalendar)

Det blir utlodding, og servering av kveldsmat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *